Referat frå medlemsmøte i Lustramat BA, måndag 16.02.09. kl. 19:00, på rådhuset i Gaupne.

 

 

Frammøtte: Anne Lise Haukadal, Thorleiv Hurthi, Marit A. Skjolden, Hildegunn Ø. Hansen, Dag V. Wergeland, Vidar Aasen, Åshild Hilleren, Kari Nes, Tordis Alme, May Ruth Flugheim Neset, Marianne Bugge (ref.)

 

 

DAGSORDEN:

 

·        Distribusjonen av Lustramat varer

Frå hausten –08 har Marit A. Skjolden hatt distribueringa av varer til butikkane, mot eit fast gebyr. Dette har fungert bra, dersom ein ser vekk frå økonomien.. Det er kvar levering eit ulikt tal produsentar som leverer og eit ulikt tal butikkar som er mottakarar (ikkje alle bestiller kvar gong). Dermed vert inntektene frå leveringsgebyra frå butikkar og produsentar ustabilt, og som regel går dette i minus.

 

Vedtak: Kvar produsent har sjølv ansvaret for levering av varer, og kan/bør ev. samarbeida med ”naboprodusentar” om felles levering. Det vert fast bestillingsdag i mnd. framover: bestillinga skal ut til produsentane siste måndag i mnd.

 

  • Satsingsområde vidare – kva skal Lustramat konsentrera seg om framover?

Det kom forslag om å satsa meir på reiselivsmarknaden; hotella, restaurantar, kaféar, andre overnattingsbedrifter. Lustramat bør samla tilby ein ”produktpakke”, som vert ”personleg framstilt” (ein pers. tek med seg rundt smaksprøvar og produktinformasjon frå aktuelle leverandørar i Lustramat) for kokkar og innehavar av ovanfornemnde bedrifter. 

 

Styreleiar arbeider vidare med produktpakke-konseptet 

        

Det var vidare eit forslag om meir samla deltaking på torg på t.d. handelssenter som Sogningen og Pyramiden, og at Lustramat kan ta initiativ til dette. Nokre produsentar tek kvar for seg initiativ til dette med visse mellomrom, men tanken bak forslaget er at fleire produsentar samla gir betre marknadsføring – fleire produkt, som gjer det meir spanande for kundane. Spesielt aktuelt er slike ”torg-dagar” i tilknytning til høgtider som påske, jul, o.s.v. Styreleiar tek kontakt med senterleiar på Sogningen og Pyramiden vedrørande dette.

 

Me må marknadsføra oss meir! Forslag om å ta kontakt med Bjørn Skovly vedr. reportasje i ”Optimisten”, m.v.

 

Arbeida for meir aktiv bruk av Lustramat-gåvepakningar i samband med gåver til foredragshaldarar på div. kurs/seminar, bedrifts-julegåver.

 

Få kommunen til å nytta Lustramat i sin aktivitet, servering i kurs/møte, på kantiner, m.v.

 

 

 

  • Status når det gjeld butikkane Lustramat er i

Det står framleis ”uavklart” i høve coop-butikkane på Skjolden og i Fortun, så der leverer ikkje Lustramat i dag. Me er derimot framleis på Luster Spar, Gaupne Spar, Solvorn Spar og Joker på Hestnes, Meny i Sogndal. Frodes Frue på Leikanger får og levert varer frå Lustramat.

 

  • Utviding med fleire butikkar?

Det var semje om å gå vidare med planane om ei Lustramat-hylle på Skei Spar. Her er Ole Jhonny Uthus dagleg leiar, så ein kan truleg samordna leveringa med Spar Gaupne. Dei frammøtte er opne for ev. hyller i fleire butikkar etterkvart, dersom dette let seg ordna greit i høve distribusjonen.

 

  • Planlegging av årsmøtet (saka vert ”overført” til styret)

 

  • Norsk Bygdeturisme og Gardsmat

Underskrivne orienterte litt om nettverket Norsk Bygdeturisme og gardsmat, og kva denne organisasjonen kan bidra med for m.a. produsentar av lokal mat. De kan finna meir info. om NBG på nettsidene: http://www.nbg-nett.no

 

I år (2009), har de mulegheit til å bli medlem ut 2009 for kun 1.000 kr. Dette gir mulegheit til å få ein ”prøveperiode” i organisasjonen, og sjå om dette kan vera noko for bedrifta. Underskrivne er sekretær for NBG-Vestlandet, ta kontakt dersom de har spm. knytt til dette.

 

 

Med helsing

 

 

Marianne Bugge (styreleiar)