ÅRSMØTEPROTOKOLL OG ÅRSMELDING 2009 

Årsmøteprotokoll for Lustramat 2009        

 

Møte på rådhuset i Gaupne, 19.05.2010.

 

Deltakarar: Tordis Alme, Marit Alexandersson Skjolden, Anne Jorunn Alme, Anne Lise Haukadal, Gudny Alme, Thorleiv Hurthi, Marianne Bugge (ref.).

 

Det var ingen merknad til innkallinga.

 

Viser til årsmelding og rekneskap. Begge vart godkjent av årsmøtet.

Følgjande saker vart handsama på årsmøtet:

 

  1. Organisering av Lustramat framover

Marianne Bugge har signalisert at ho ikkje ønskjer å stilla som leiar att i 2010. Det har ikkje meldt seg andre som kan tenkja seg å vera leiar for Lustramat BA, så alternative organiseringsmodellar vart diskutert av årsmøtet. Årsmøtet kom fram til at me i 2010 har eit ”arbeidsstyre” med fordelt ansvar. Styret vert auka med nokre personar. Arbeidesstyret fordeler arbeidsoppgåver på følgjande måte: Når det oppstår behov for organisering i regi av Lustramat i ulike samanhengar, t.d. ved arrangement, julegåvesatsing, marknadar, marknadsføring, m.m. set arbeidsstyret saman arbeidsgrupper på dei ulike arbeidsoppgåvene. Såleis vert ansvaret for drifta av Lustramat fordelt på medlemmane. M. Bugge seier seg villig til å stå som kontaktperson for Lustramat framover. Ho vil òg oppdatera prislista og internettsida, og senda samla bestillingsliste til butikkane ca. 1 gong i mnd. Bestillingsrutinane vert endra ved at butikkane no bestiller direkte til produsentane, og ikkje via M. Bugge. Bestillingslistene vert med det første oppdaterte med tlf.nr. og e-post adresse til produsentane, og ei orientering om at bestillinga no skal gå direkte. Butikkane vil og verta oppfordra til å bestilla via e-post.

 

  1. Diverse

Lustramarknaden 2010. Lustramat har vorte spurde om å delta med eit felles lokalmat-torg under Lustramarknaden 10.-13. juni. Det vert felles annonsering i marknadsavisa (i Sogn Avis) og Optimisten, med namn og bilete på dei som deltek.

 

Lustramat-posane. Det er framleis eit opplag på kring 1500 papirposar med Lustramat-logoen på. Desse vert fordelt ut til medlemmane etter behov.

 

EAN-strekkodar. Lustramat har strekkodar, og kver produsent får utdelt eit antall strekkodar etter behov og ønskje. Til no har 6 av medlemsbedriftene bedt om, og fått EAN-nummer. Nokre av dei har òg tatt strekkodinga i bruk i butikkane. Utover i 2010/2011 er det ønskjeleg at fleire får, og tek i bruk strekkoding på produkta sine. Dette vert etterspurt av butikkane. Det vert vurdert eit opplæringstilbod i bruk av EAN, utstyrsbehov, m.m.

 

Prosjekt ”Matopplevingar i Luster”. Lustramat har, saman med Fjordatunet i Kroken, søkt prosjektmidlar til prosjektet: ”Matopplevingar i Luster” via Program for Opplevingsnæringar i Sogn og Fjordane. Tilbakemelding på søknaden er venta kring midten av juni d.å.

 

Potensielle nye medlemmar: Elle Villt og Fjord Angus vart nemnde som potensielle medlemmar i Lustramat. Desse vil få tilbod om medlemsskap med det første.

 

  1. VAL

Vedtak:

Ingen i det sitjande styret hadde gitt melding om at dei ønskjer å trekkja seg, så det kom forslag om gjenval på desse inn i det nye arbeidsstyret til Lustramat:

Hildegunn Ø. Hansen, Thorleiv Hurthi, Marianne Bugge (kontaktperson), og Dag V. Wergeland. I tillegg vart følgjande valt inn i arbeidsstyret for 2010: Marit A. Skjolden, Gudny Alme.

Alle er valt for eitt år.

 

 

 

ÅRSMELDING 2009   

 

ÅRSMELDING LUSTRAMAT BA, 2009

 

Styret har bestått av:

Marianne Bugge (leiar),

Thorleiv Hurthi,

Hildegunn Ø. Hansen,

Dag V. Wergeland (vara)

 

Medlemmer pr. 31.12.2009: 15 bedrifter – produsentar av lokal mat i Luster, desse er:

Brandøy Gard

Sognefjord Naturkjøkken

Eplet

Sprø Matglede

Elvebakken Gardsysteri

Thorleiv Hurthi, honning

Honning frå Luster

Triobakst

Kroken Frukt og bær

Urnes Gard

Lustrabakst

Urnes Gardsbakst

Lustrabui

Veitastrond Gardsysteri

Lustrafjorden Kjøt og Fisk

 

 

Det er halde eit medlemsmøte for produsentane i Lustramat, 16.02.2009.

 

Lustramat BA vart stifta 30.06.2006, og har følgjande føremål:

 

”Laget sitt føremål er å driva marknadsføring, organisering av sal og distribusjon av produkt frå andelseigarane, hovudsakeleg gjennom ”Lustramat-torg i butikken”, og slik skal andelseigarane få auka verdiskaping. Lustramat skal driva langsiktig merkevarebygging av "Lustramat", og såleis medverka til positiv profilering av landbruk, reiseliv og matkultur i Luster.”

 

Aktivitetar

Ved utgangen av 2009 var Lustramat representert i 4 daglegvarebutikkar i Luster, og Meny i Sogndal.

 

Papirbæreposar med logotrykk og påskrift: ”Lokal mat frå Luster" vert nytta av både produsentar og butikkar, samt i samband med gåvepakningar. Det er framleis att eit opplag på om lag 2500 posar.

 

 

Nokre av dei viktigaste punkta for Lustramat i 2009:

  • Lustramat posar som gåver i mange ulike samanhengar
  • Samarbeid med Vesterland, kompetansenavet og Skattefunnprosjektet Kvalitetssikring for Reiselivet om prosjektet "Smak av Sogn", som til no har resultert i to matmesser/fagdag på Vesterland. Mål: bidra til meir kjennskap, kunnskap og samarbeid mellom restaurantar, serveringsbedrifter, hotell og lokalmat-næringa.
  • Internettsida: www.lustramat.com. Nettside med produktliste og presentasjonar av produsentane som er medlemmar. Aktuelle nyhende vert jamnleg oppdatert. Sida har eit gjennomsnitt på kring 300 besøk pr. mnd.
  • Deltok på Lustramarknaden i Gaupne.
  • Deltok på juletorg to dagar på Pyramiden i Gaupne – god marknadsføring i media
  • EAN-strekkoding. Lustramat fekk produsentnummer mot slutten av 2008. Kvar produsent har fått eit antall nummer i høve produktomfang. Nokre få har tatt i bruk EAN koding på produkta sine i 2009. I løpet av 2010 bør fleire få dette på plass!

 

Drift og organisering av Lustramat BA

Lustramat BA har hatt følgjande organisering av si verksemd: Styreleiar har ei samla liste over produsentane og deira produkt med prisar. Denne vert jamnleg oppdart med nye produkt og prisar etter innspel frå medlemmane. Lista vert sendt rundt til butikkane før kvar bestilling, som i gjennomsnitt har vore 1 gong annakvar mnd. Butikkane bestiller utifrå samlelista direkte til styreleiar, som sender ut bestillingar til kvar produsent på e-post. Det er ca. ei vekes leveringstid. Frå 2009 er kvar produsent ansvarleg for levering.

 

Vidare utvikling av andelslaget.

Det er fleire område me ønskjer å utvikla/utbetra Lustramat på:

 

·                     NB! Distribusjon – arbeida fram betre og meir funksjonelle rutinar på bestilling og levering av varer, eit stadig tilbakevendande tema...

·                     Marknadsføring, felles profilering – internett som marknadsførings- og salskanal

·                     Salsframstøyt i høve julegåve – posar, samt å nytta Lustramat ved servering i ulike aktuelle høve (v/møteverksemd, seminar, m.m.)

·                     Auka satsing mot reiselivsmarknaden; hotell, serveringsbedrifter, m.m, samt offentlege store arbeidsplassar (kommunen, fylkeskommune, m.fl.). Her kan det vera snakk om servering i samband med møteverksemd, kurs, kantine, o.s.b.

·                     Utvikla samarbeidsnettverk, som m.a. Lustramarknaden, kulturdagane på Skjolden, andre.

·                     Etter kvart; utvida antall hyller i butikkar, og det geografiske området dei er plassert i. 

 

For Lustramat BA

 

__________________

Marianne Bugge (styreleiar)