Årsmøte 2007

Årsmøteprotokoll for Lustramat 2007                 

Møte på rådhuset i Gaupne, 28.04.2008.

 

Deltakarar: Hildegunn Ø. Hansen, Anne Lise Haukadal, Gudny Alme, Tordis Alme, Marit Alexandersson Skjolden, Marianne Bugge (ref.).

 

Det var ingen merknad til innkallinga.

 

Viser til årsmelding og rekneskap. Begge vart godkjent av årsmøtet.

Følgjande saker vart handsama på årsmøtet:

  

1.      Fjorårets levering av julegåveposar med Lustramat til alle dei 720 tilsette i Luster kommune var svært vellukka! Årsmøtet meiner me skal gå meir aktivt ut i år til fleire bedrifter vedr. julegåver frå Lustramat til sine tilsette. Styret føl dette opp.

2.      Distribusjon av Lustramat-varer. Dette har vore den største utfordringa til Lustramat. No ser det imidlertid ut til at me kan få ei meir tilfredsstillande løysing på denne utfordringa: Marit A. Skjolden tek på seg levering av varer til Lustramat-hyllene i Luster. Butikkane betalar framleis eit leveringsgebyr på kr. 80,-. Marit sender Lustramat v/styreleiar eit tilbod på levering. Produsentane betalar eit fraktgebyr, avhengig av tilbodet frå Marit. Gebyr frå butikkane og produsentane vert innkrevd frå Lustramat BA, som betalar ut att til Marit A. Skjolden.

3.      Det er noko ulik prising av produkta i dei ulike butikkane. Forslag til tiltak for å jamna ut forskjelane: Produsentane set opp anbefalte utsalsprisar på produkta sine, på prislista. Send desse til styreleiar.

4.      Profilering på internett. Me har etablert internettsida: www.lustramat.com, og det er ønskjeleg at medlemmane sender styreleiar, som er redaktør for sida, informasjon om nyhende, innspel til innhald/utvikling av sida og bilete av eiga bedrift og produksjon.

5.   EAN-kodar (strekkoding): Fleire av butikkane etterspør strekkoding av varene. Me har òg diskutert det i fleire omgangar i Lustramat. Det er interesse blant medlemmane om etablering av strekkode-system i regi av Lustramat. Vedtak: Styreleiar arbeider for å få på plass dette, mot ei kostnadsgodtgjering, som vert bestemt av styret.

6.   Ny medlem i Lustramat: Lustrabui AS, v/Tordis og Gudny Alme – Velkomne skal de vera!

7.   VAL

Vedtak:

Pers. til å skriva under møteprotokollen: Anne Lise Haukadal og Hildegunn Ø. Hansen

Marianne Bugge vert valt som leiar.

Hildegunn Ø. Hansen og Thorleiv Hurthi er valt som styremedlemmer.

Dag V. Wergeland er valt som varamedlem.

Alle er valt for eitt år.

 

Årsmøtet overlet til styret å setja opp budsjett og handlingsplan for 2008.

  

_______________________                      __________________________

 

ÅRSMELDING LUSTRAMAT BA, 2007

 

Styret har bestått av:

Marianne Bugge (leiar),

Thorleiv Hurthi,

Hildegunn Ø. Hansen,

Dag V. Wergeland (vara)

 

Medlemmer pr. 31.12.2007: 13 bedrifter – produsentar av lokal mat i Luster, desse er:

Kroken Frukt og bær

Triobakst

Eplet

Sognefjord Naturkjøkken

Elvebakken Gardsysteri

Lustrabakst

Brandøy Gard

Lustrafjorden Kjøt og Fisk

Urnes Gard

Thorleiv Hurthi, honning

Veitastrond Gardsysteri

Sprø Matglede

Honning frå Luster

 

 

Det er halde eit medlemsmøte for produsentane i Lustramat, 15.11.2007.

 

Lustramat BA vart stifta 30.06.2006, og har følgjande føremål:

 

”Laget sitt føremål er å driva marknadsføring, organisering av sal og distribusjon av produkt frå andelseigarane, hovudsakeleg gjennom ”Lustramat-torg i butikken”, og slik skal andelseigarane få auka verdiskaping. Lustramat skal driva langsiktig merkevarebygging av "Lustramat", og såleis medverka til positiv profilering av landbruk, reiseliv og matkultur i Luster.”

 

Aktivitetar

Lustramat har framleis dei fem hyllene som vart produsert i 2006, og var ved utgangen av 2007 representert i 6 daglegvarebutikkar i Luster og ein spesialforretning på Leikanger (”Frodes Frue”).

 

Papirbæreposar med logotrykk og påskrift: ”Lokal mat frå Luster”, var klare i byrjinga av 2007, og både produsentar og butikkar har kjøpt posar frå Lustramat BA. Det er framleis att eit opplag på om lag 3500 posar.

 

 

Nokre av dei viktigaste punkta for Lustramat i 2007:

  • Fått på plass papirbæreposar med logotrykk
  • Stadfesting på at Lustramat-hylle skal på plass i Sogndal i løpet av tidleg 2008.
  • Lustramat som julegåve til Luster kommune sine tilsette (720 posar!)
  • Lustramat posar som gåver i mange ulike samanhengar (m.a. Fylkesseminar Inn på Tunet, informasjonskveldar sørsida, kulturkveld Munthehuset, m.m.)
  • Internettsida: www.lustramat.com er på plass. Nettside med produktliste og presentasjonar av produsentane som er medlemmar. Aktuelle nyhende vert jamnleg oppdatert.
  • Fått utarbeida brosjyre
  • Deltok på juletorg på Pyramiden i Gaupne – god marknadsføring i media 
  • Stand på årsmøtet til Norsk Bygdeturisme og Gardsmat Vestlandet i Hardanger

Drift og organisering av Lustramat BA

Lustramat BA har hatt følgjande organisering av si verksemd: Styreleiar har laga ei samla liste over produsentane og deira produkt med prisar. Denne vert jamnleg oppdart med nye produkt og prisar etter innspel frå medlemmane. Lista vert sendt rundt til butikkane før kvar bestilling, som i gjennomsnitt har vore 1 gong pr. mnd. Butikkane bestiller på samlelista direkte til styreleiar, som sender ut bestillingar til kvar og ein produsent. Det er ca. ei vekes leveringstid. Butikkane betaler kr. 80,- i frakt pr. leveranse, direkte til ”leverandøren”, som til no har vore styreleiar. 

 

 

Vidare utvikling av andelslaget.

Det er fleire område me ønskjer å utvikla/utbetra Lustramat på:

·                     NB! Distribusjon – arbeida fram betre og meir funksjonelle rutinar på bestilling og levering av varer.

·                     Hylle på plass i Sogndal på Meny

·                     Marknadsføring, felles profilering – internett som marknadsførings- og salskanal

·                     Salsframstøyt i høve julegåve – posar, samt å nytta Lustramat ved servering i ulike aktuelle høve (v/møteverksemd, hotell, serveringsbedrifter, marknader, seminar, m.m.)

·                     Utvikla samarbeidsnettverk, som m.a. Lustramarknaden, kulturdagane på Skjolden, andre.

·                     Etter kvart; utvida antall hyller i butikkar, og det geografiske området dei er plassert i. 

·                     Arbeida for å få med fleire produsentar og eit breiare vareutval med lokalmat frå Luster, inkludert òg råvarer frå Luster.

 

For Lustramat BA

 

__________________

Marianne Bugge (styreleiar)