Årsmøteprotokoll for Lustramat 2008        

 

Møte på rådhuset i Gaupne, 11.06.2009.

 

Deltakarar: Tordis Alme, Marit Alexandersson Skjolden, Anne Jorunn Alme, Kari  Nes, Åshild Hilleren, Thorleiv Hurthi, Marianne Bugge (ref.).

 

Det var ingen merknad til innkallinga.

 

Viser til årsmelding og rekneskap. Begge vart godkjent av årsmøtet.

Følgjande saker vart handsama på årsmøtet:

 

 

  1. EAN-kodar (strekkoding): Fleire av butikkane har etterspurt strekkoding av varene våre, og no har Lustramat fått eige produsentnummer hjå GS1 Norge. Dei fleste av medlemmane i Lustramat ønskjer strekkodar, og dei fleste har fått tildelt nummer som no er klare til bruk. Dette føregår ved at kvar produsent gir melding til styreleiar om kor mange produktnummer ein treng – styreleiar fordeler nummera, og sender ut. Produsentane vel sjølv kva måte dei overfører strekkodane på produkta sine: anten å implementera dei i hovudetiketten på vara, eller å ha ein eigen etikett med berre strekkoden.

 

  1. Vedtektsendring Årsmøtet vedtok ei endring i vedtektene; pkt. 2. Årsmøte, under § 5: Laget sine organ og myndigheitsområde, som følgjer:

            Frå (setninga som skal endrast er understreka):

 

2. Årsmøte

 

Årsmøtet er laget si øvste mynde. Det skal haldast eitt årsmøte pr. år. Årsmøte finn stad før utgangen av april. Til årsmøtet føreligg styret si årsberetning og saksliste for årsmøtet. Forslag til årsmøte må liggja føre 3 veker før årsmøtet, og papira til årsmøtet skal sendast innan 2 veker før årsmøtet. Avgjersler på årsmøtet vert tatt med alminneleg fleirtal

 

Til (setn. som er endra er utheva):

       

2. Årsmøte

 

Årsmøtet er laget si øvste mynde. Det skal haldast eitt årsmøte pr. år. Årsmøte finn stad før utgangen av juni. Til årsmøtet føreligg styret si årsberetning og saksliste for årsmøtet. Forslag til årsmøte må liggja føre 3 veker før årsmøtet, og papira til årsmøtet skal sendast innan 2 veker før årsmøtet. Avgjersler på årsmøtet vert tatt med alminneleg fleirtal

 

3.    Julegåve-tips” brevet må ut tidlegare i år. Det vart for hektisk, og dårleg respons på oppmodinga i fjor. Brevet bør ut i løpet av september.

  

4.    DNT-Lokal Mat prosjekt

I desember i fjor fekk me henvending frå driftssjef Jan Erik Reiten i DNT vedrørande å få til noko på DNT-hyttene i samband med servering av kortreist/lokal mat der. Det har ikkje vore meir kontakt med DNT vedrørande dette. Thorleiv Hurthi føl opp saka.

 

 VAL

Vedtak:

Pers. til å skriva under møteprotokollen: Anne Jorunn Alme og Tordis Alme

Ingen i det sitjande styret hadde gitt melding om at dei ønskjer å trekkja seg, så det kom forslag om gjenval på desse:

Marianne Bugge vert valt som leiar.

Hildegunn Ø. Hansen og Thorleiv Hurthi er valt som styremedlemmer.

Dag V. Wergeland er valt som varamedlem.

Alle er valt for eitt år.

 

Årsmøtet overlet til styret å setja opp budsjett og handlingsplan for 2009.

 

 

 

 

ÅRSMELDING LUSTRAMAT BA, 2008

 

Styret har bestått av:

Marianne Bugge (leiar),

Thorleiv Hurthi,

Hildegunn Ø. Hansen,

Dag V. Wergeland (vara)

 

Medlemmer pr. 31.12.2008: 15 bedrifter – produsentar av lokal mat i Luster, desse er:

Brandøy Gard

Sognefjord Naturkjøkken

Eplet

Sprø Matglede

Elvebakken Gardsysteri

Thorleiv Hurthi, honning

Honning frå Luster

Triobakst

Kroken Frukt og bær

Urnes Gard

Lustrabakst

Urnes Gardsbakst

Lustrabui

Veitastrond Gardsysteri

Lustrafjorden Kjøt og Fisk

 

 

Det er halde eit styremøte for produsentane i Lustramat, 04.09.2008.

 

Lustramat BA vart stifta 30.06.2006, og har følgjande føremål:

 

”Laget sitt føremål er å driva marknadsføring, organisering av sal og distribusjon av produkt frå andelseigarane, hovudsakeleg gjennom ”Lustramat-torg i butikken”, og slik skal andelseigarane få auka verdiskaping. Lustramat skal driva langsiktig merkevarebygging av "Lustramat", og såleis medverka til positiv profilering av landbruk, reiseliv og matkultur i Luster.”

 

Aktivitetar

Ved utgangen av 2008 var Lustramat representert i 4 daglegvarebutikkar i Luster, Meny i Sogndal og ein spesialforretning på Leikanger (”Frodes Frue”).

 

Papirbæreposar med logotrykk og påskrift: ”Lokal mat frå Luster" vert nytta av både produsentar og butikkar, samt i samband med gåvepakningar. Det er framleis att eit opplag på om lag 3000 posar.

 

 

Nokre av dei viktigaste punkta for Lustramat i 2008:

  •  Lustramat-hylle på plass i Sogndal

  • Lustramat posar som gåver i mange ulike samanhengar (informasjonskveldar sørsida, kulturkveld Munthehuset, m.m.)

  • Internettsida: www.lustramat.com fungerer greit - gode tilbakemeldingar.  Nettside med produktliste og presentasjonar av produsentane som er medlemmar. Aktuelle nyhende vert jamnleg oppdatert.

 

 

  • Deltok på juletorg på Pyramiden i Gaupne – god marknadsføring i media

  • EAN-strekkoding. Dette har etterkvart fleire av butikkane etterspurt, og Lustramat har søkt, og fått, produsentnummer. Kvar produsent får eit antall nummer i høve produktomfang. Me satsar på at dette skal verta i orden i løpet av første halvdel av 2009.

 

Drift og organisering av Lustramat BA

Lustramat BA har hatt følgjande organisering av si verksemd: Styreleiar har ei samla liste over produsentane og deira produkt med prisar. Denne vert jamnleg oppdart med nye produkt og prisar etter innspel frå medlemmane. Lista vert sendt rundt til butikkane før kvar bestilling, som i gjennomsnitt har vore 1 gong pr. mnd. Butikkane bestiller utifrå samlelista direkte til styreleiar, som sender ut bestillingar til kvar produsent på e-post. Det er ca. ei vekes leveringstid. Butikkane betaler kr. 80,- i frakt pr. leveranse. Det er ca. ei veke leveringstid. Fram til omlag juli -08 var det styreleiar som køyrde ut varene, deretter var det ein av medlemmane som køyrde ut varer mot ei fast godtgjersle. Av økonomiske årsakar vert det frå 2009 kvar produsent som er ansvarleg for levering. Det vert fast bestillingsdag i mnd. framover.

 

 

Vidare utvikling av andelslaget.

Det er fleire område me ønskjer å utvikla/utbetra Lustramat på:

·                     NB! Distribusjon – arbeida fram betre og meir funksjonelle rutinar på bestilling og levering av varer.

·                     Marknadsføring, felles profilering – internett som marknadsførings- og salskanal

·                     Salsframstøyt i høve julegåve – posar, samt å nytta Lustramat ved servering i ulike aktuelle høve (v/møteverksemd, seminar, m.m.)

·                     Auka satsing mot reiselivsmarknaden; hotell, serveringsbedrifter, m.m.

·                     Utvikla samarbeidsnettverk, som m.a. Lustramarknaden, kulturdagane på Skjolden, andre.

·                     Etter kvart; utvida antall hyller i butikkar, og det geografiske området dei er plassert i. 

 

 

 

For Lustramat BA

 

__________________

Marianne Bugge (styreleiar)